Selskapet har nyleg teikna tre intensjonsavtalar med selskapet Propiedades Mejoradas S.L, som er eigd av Fernando del Castillo og familien hans, opplyser den norske nettstaden Canariajournalen.

Forretningskontaktane vart knytte på energi- og teknologiseminar på Gran Canaria i november fjor og i Madrid i april i år.

Solkraft og hydrogen

Det er tre ulike prosjekt som no er i planleggingsfasen. Det første er eit solcellekraftverk som skal kombinerast med eit hydrogenbasert balanseanlegg. Anlegget er planlagt bygd på Aldea Blanca i San Bartolome de Tirajana kommune sør på Gran Canaria.

Dagleg leiar Bjørn Helset i Wind Energy Nordic (Wen) forklarar at solcellene i kraftverket vil produsere opp mot 1,35 MW energi. Spesielt for anlegget er at ein vil nytte delar av overskotsenergien til å produsere opp mot 120 kg hydrogen per døgn. Dette skal vidare nyttast til energiproduksjon når solcellene ikkje produserer.

– Når det skyar til og om natta får ein behov for meir energi. Då køyrer ein på med straum frå ei brenselcelle. Ein vil då greie å halde full produksjon heile natta. Frå å ha ein solcelleinstallasjon som berre produserer straum halve døgnet, får ein då ein installasjon som produserer straum nesten heile døgnet, seier Helset.

Kjent konsept

Konseptet med energiproduksjon frå hydrogen er godt testa frå før. I 2004 laga Norsk Hydro eit kombinert vind- og hydrogenanlegg på Utsira. Røynslene frå dette dreg Wen no nytte av.

– Utsira viste at det virka. Alt som vart løyst med det prosjektet har vi putta inn i denne fabrikken. Men vi er dei første som gjer produksjonen heilt rein og nyttar det i kommersiell samanheng, seier Helset.

Sjølv reiser han ned att til Kanariøyane om ei veke for å arbeide vidare med synfaringar og prosjektrelatert arbeid. Detaljane i prosjekteringa av anlegget er det eit ingeniørkontor i Las Palmas som tek seg av, medan det overordna vert koordinert frå Noreg og Ørsta.

Helset fortel at grunnen til at Wind Energy Nordic no satsar på Gran Canaria mellom anna er dei gunstige forholda for alternativ energi på øya med sine mange soldagar, kjølande vind og sitt store energiforbruk.

Miljøvenlege bustadprosjekt

I tillegg til dei to solkraftverka på Gran Canaria har Wen teikna intensjonsavtalar om energiløysingar til to større eigedomsprosjekt. Det eine er Monte León Villas, som er eit bygningsprosjekt med fokus på berekraftig design, bygging og drift. Ifølgje Canarijournalen vert dette det første bustadområdet på øya som ikkje slepp ut klimafiendtlege gassar. Dei 26 husa skal mellom anna forsynast med straum frå solceller og små vindturbinar.

Det andre prosjektet Wen vil levere løysingar til er helselandsbyen European Senior Resort åtte kilometer nord for Maspalomas. Det skal der byggjast 68 villaer og 70 leilegheiter.

Sol, vind og hydrogen

Då selskapet Wind Energy Nordic vart etablert for to år sidan satsa dei utelukkande på vindkraft. No har dei utvida satsingsområdet til fleire typar fornybar energi.

– Vi såg ikkje heilt vitsen med at selskapet berre skulle ha ein fot å stå på. No satsar vi på sol, vind og hydrogen. Vi kan selje alle tre uavhengige, eller ein kan kople dei saman med kvarandre, seier Helset.

Han poengterer at dei trass store satsingar i utlandet framleis held fokus på marknaden i Noreg. og er inne i tilbodsrunden på fleire prosjekt kring om i landet.