I september i fjor hadde administrasjonen i Ørsta kommune, hestesporten og Ørsta idrettsråd eit møte.

– Både hestesporten og idrettsrådet meiner det er for stor økonomisk risiko for idretten med etablering av idrettsanlegg på Mosflata, som saka står no. Oppfylling av grunnen, i tillegg vernevoll mot elva må vere grunneigar sitt ansvar. Dette gjeld også eventuelle røyr og kablar i grunnen. Sjølve idrettsanlegget vil idretten ta ansvar for, heiter det i eit brev frå idrettsrådet til kommunen.

Det kjem klart fram at idretten ikkje kan etablere seg på Mosflata om det vert for kostbart. Hestesporten held fast på at Mosflata vil vere godt eigna til deira aktivitet.

– Dei har alltid hatt som mål å etablere eit permanent, sentrumsnært anlegg. Det første behovet er ridebane og ridehall. Deretter er det planar om klubblokale og stallar.

I møtet i september kom det ifølgje idrettsrådet opp forslag om etablering av massedeponi på Mosflata, og no vert det stilt spørsmål om kvifor dette tek så lang tid å starte opp.

Idrettsrådet peikar på at turveg langs elva er med som eit aktuelt tiltak til Kommundelplan for idrett og fysisk aktivitet.

– Å kombinere eit slikt nærmiljøanlegg med vernevoll kan utløyse spelemidlar, og dermed gi lettare realisering av vernevollen. Om det i det heile er behov for denne vernevollen.

Sidan 1987 har hestesporten hatt mellombelse anlegg nær sentrum.

– Det har vore svært kostbart å måtte flytte seg rundt på denne måten. I samband med bygging av fleirbrukshallen måtte dei flytte igjen. Og no har dei ikkje anlegg i det heile. Miljøet er i krise. Mange medlemmar har flytta aktiviteten over til Volda, der det er mykje betre rammer for hestesporten, skriv idrettsrådet som ber om ei rask avklaring i saka.

– Hestesporten kan ikkje etablere seg på Mosflata om dei må betale for oppfylling av grunnen og bygging av vernevoll, i tillegg til årleg leige og bygging av kostbare idrettsanlegg. Dei kan heller ikkje starte med ei kostbar prosjektering når saka er så usikker som no. Vi meiner også leigeprisen i avtaleforslaget frå administrasjonen er for høg.

Om det ikkje blir rask semje om vidare drift ber idrettsrådet om at saka vert teken opp på politisk nivå att.