Denne kaka er faktisk utruleg god og får ikkje stå lenge i mitt kjøleskap før den er fortært. God kjeksbotn, silkemjukt ostefyll og ein nydeleg frisk rømmetopping med pasjonsfrukt.

Dette var den fyrste steikte ostekaka eg prøvde meg på, og sidan den gong har denne stått på bordet mang ein gong. Kaka er svært frisk og umogleg å ikkje like dersom du er ein ostekake-entusiast slik som eg.

Ingrediensar:

Kjeksbotn:

• 20 stk. Digestive-kjeks

• 1 ss sukker

• 110 g meierismør, smelta

• 1 ts. kanel

Ostefyll:

• 400 g Philadelphia kremost, naturell

• 300 g seterrømme

• 2 egg (ca. 100 g)

• 2 ½ dl sukker

• 1 vaniljestong, frøa

• 1 sitron, safta

Pasjonsfrukt-topping:

• 3 pasjonsfrukt

• 1 dl lettrømme

• 1 dl kremfløyte

• 1 ss melis

• ½ ts. vaniljepulver

Forvarm omnen til 175 ºC. Knus kjeksa i kjøkenmaskin saman med sukker og kanel. Ha i smelta smør og køyr til alt er godt blanda saman. Trykk ut blandinga i ei smurt springform på 25 cm med bakepapir i botnen. Glatt over kjeksblandinga slik du får ei glatt og jamn overflate. Set så inn i omnen og steik i ca. 15 minutt. Avkjøl.

Skru steikeomnen ned til 120 ºC. Køyr kremost og sukker i ei kjøkenmaskin til det blir mjukt. Skrap ut frøa frå vaniljestonga og ha i osteblandinga saman med seterrømme. Ha i egga eitt om gongen og bland godt mellom kvart av dei. Til slutt rører du inn safta frå ein sitron. Fordel ostefyllet utover den avkjølte kjeksbotnen og set midt i omnen Steik ostekaka i ca. 70 minutt. Kaka er ferdig når den er fast i kantane og på overflata, men framleis dissar lett i midten.

Medan kaka står i omnen er det greitt å gjere klart pasjonsfrukt-toppingen. Skrap ut frø og saft frå pasjonsfruktene og bland det saman med rømme, kremfløyte, melis og vaniljepulver. I det kaka er ferdig steikt tek du den forsiktig ut av omnen og tek ei skei med topping oppå det steikte fyllet for å sjekke om den toler det utan at det renn igjennom (om det skjer treng den litt lenger steiketid). Fordel resten av toppingen forsiktig utover ostekaka i eit jamt lag. Set kaka inn i omnen igjen og lat steike i ca. 10 minutt til. Avkjøl kaka før du set den kaldt i kjøleskap over natta.

Server gjerne med fersk pasjonsfrukt over og nyt!