Mattilsynet har har bandlagt anlegget etter mistanke om ILA hos ein stamlaks, skriv Aqua Gen på sine heimesider. Aqua Gen tok over eigarskapet av Profunda i mars i fjor. Profunda er eit landbasert påvektsanlegg for stamfiskproduksjon, og har for tida 19 000 fisk fordelt på tre ulike generasjonar.

– Mistanken er basert på eit prøveuttak gjort av Mattilsynet i samband med rutinetilsyn. Det var tatt prøver av tre fiskar, og ein av dei gav positivt utslag for ILA-virus, går det fram av det selskapet skriv på heimesidene sine.

For tida vert det gjennomført ei betydeleg oppgradering av anlegget, som i framtida skal brukast til produksjon av landbasert stamfisk.

– Mattilsynet vil igangsette ytterlegare prøveuttak for å avklare situasjonen tidleg i januar, skriv Aqua Gen.

ILA-viruset fører til nedsett almenntilstand for laksen.

– Det ligg no føre ei positiv laboratiorieprøve som vart tatt for seks veker sidan, men det har ikkje døydd fisk ved anlegget, så dette er førebels ikkje noko klinisk utbrot, seier dagleg leiar Helge Ressem ved Profunda.

Bandlegginga betyr at  Profunda ikkje har lov flytte fisk inn eller ut av anlegget.

– Mattiltsynet skal ta fleire prøver, for å avklare om dette er eit reelt utbrot eller berre ei positv lab-prøve. Det er tatt hundrevis av slike prøver før ved anlegget, og dette er første gong vi har hatt ei positiv lab-prøve, seier Ressem.