I påska i fjor var det full byggeaktivitet for ein store kameratgjeng på Sæbø. Målet var å få bygd ein flytande sauna. Det heile starta med ein badetur til Sørenga badstue i Oslo saman med ein isbadarklubb hausten 2016. Tommy Riise Olsen, som arbeidde som lærar ved Ammerud barneskule, vart med i Ammerud isbadarklubb i Oslo. Isbadarklubben har sitt opphav i lærarkollegiet og ein septemberdag gjekk turen til Sørenga badstue med kollegaene. Riise Olsen fekk ei aha-oppleving og inviterte seinare med seg kameratgjengen for å prøve konseptet. Etter nokre kalde pils, friske bad og høg temperatur var planen spikra for at konseptet med ein flytande sauna måtte takast med heim til Sæbø.

Til sommaren i fjor stod Sæbø fjordsauna klar til bruk, og kameratgjengen har drifta den i eitt år.

– Det har gått veldig bra. Vi har hatt besøk av mykje turistar og nokre utdrikkingslag, og tilbakemeldingane har vore veldig gode. Dei som har prøvd det ut tykkjer at konseptet er veldig kult, og vi er ganske godt nøgde med pågangen og etterspurnaden gjennom det første året, seier Riise Olsen.

Bad for fotografen: Olai Eikrem Riise og Tommy Riise Olsen kasta seg ut i fjorden på årets varmaste dag. Foto: Joachim Åsebø

Fjordsaunaen gjer seg best når det er litt kaldt i vêret, men er eit heilårstilbod.

– Om hausten og våren er det veldig bra. Eg trur ein del er litt skeptiske når det er skikkeleg mørkt og kaldt i desember, men det er då fjordsaunaen er best.

Sjølv samla kameratgjengen seg i fjordsauen 1. juledag i fjor.

– Då var det bekmørkt ute og litt snø. Vi sat innandørs i berre shorts og det var veldig koseleg, seier Alexander Riise Olsen.

Etter det kameratgjengen kjenner til er det ikkje andre fjordsauna tilbod enn i Oslo og på Sæbø i Noreg.

– Eg veit at det er ein del av dei i Finland, men vi veit ikkje om andre her i landet.

Alexander Riise Olsen, Tommy Riise Olsen og Olai Eikrem Riise samla i fjordsaunaen. Foto: Joachim Åsebø

Sæbø fjordsauna ønsker å samarbeide med lokalt næringsliv. I tillegg gjev dei Ørsta kommune og Statens vegvesen ros for velvilje og positivitet då tilbodet kom på seg opp på beina i fjor. Tanken om å utvide tilbodet har allereie vore omsnakka.

– Vi har leikt litt med tanken med å bygge ein fjordsauna til, og kanskje få den til Volda eller Ørsta. Vi vil starte dialog med begge kommunane for å sjå om det er stemning for det. Det hadde vore veldig kjekt å ha ei her på Sæbø og til dømes ei på Rotevatnet i Volda. Vi trur det er noko som vil passe både studentane og nærmiljøet.

Gjennom det første driftsåret har kameratgjengen sett at fjordsauna-tilbodet trekk folk til Sæbø.

– Vi hadde mellom anna tre par frå Ålesund som tok turen. Først var dei i saunaen i nokre timar før dei avslutta kvelden med middag på hotellet.

Så langt er det mest turistar som står på gjestelista i fjordsaunaen, men det er von om at fleire voldingar og ørstingar vil prøve ut konseptet. Søndag denne veka vil det vere mogleg å teste ut fjordsaunaen gratis for dei som vil.

– På vinterstid er dette lågterskel ekstremsport. Du hoppar ut i ein iskald fjord med ti minusgrader i luft og så er det inn i sytti varmegrader. Det er unikt og veldig sosialt om du er ein liten gjeng. I tillegg passar det alle og det er veldig vanskeleg å slå utsikta du får her.

Utsikt: Det er ingenting å seie på utsikta frå fjordsaunaen på Sæbø.