Det skriv Roar Hagen i ein merknad til detaljreguleringsplan for Klubben II.

– I tillegg til tillitsbrotet i høve opphavleg plan, der vi vart fortalt at masseuttaket skulle avsluttast og området gjenskapast og tilsåast, har vi no fått lagt fram ein ny plan som bryt radikalt med førre vedtak. Ikkje berre kan vedtaket av 2011 bli gjort om inkje, det skal takast ut opptil 1 million kubikk masse frå Klubbeneset om kommunen går med på planen. Om dette vert vedteke gir Ørsta kommune frå seg styringa over dette heilt sentrale området i innseglinga til Ørsta, på ubestemt tid. Det vil vere marknaden og verksemda sin økonomi som avgjer varigheit på dette dagbrotet. I tillegg til det reint fysiske inngrepet med fjerninga av ein sentral profil i fjorden, vert folk på begge sider råka av støv, støy, sprenging, knusing og trafikk i svært lang tid. Vi lever i tider med sterk satsing på turisme og kultur lokalt. Ørsta vil, om dette vert vedteke, definere seg ut til fordel for mange andre nærliggande destinasjonar, skriv Hagen.

Han oppmodar kommunen om å kartlegge steinressursar lokalt, og helst saman med Volda, for å finne høvelege område for massetak.

– Det er naudsynt at våre verksemder får tilgang på det dei treng, vi må berre gjere det på den rette måten.