Kommunen si rolle stod sentralt i rettssaka, som vart reist av sanitetslaget etter at Tomteservice trekte bodet på Sanitetshuset. I eit brev kommunen sende til eigedomsmeklaren 26. april gjer kommunen det klart at det er på tale med plassering av eit nytt hovudreinseanlegg i området. Kommunen skriv at ordføraren hadde spurt om det var mogeleg å kjøpe eigedomen, men fekk til svar at Sanitetslaget hadde inngått kontrakt om salsformidling.

Leiar i Volda Sanitetslag Aud Osdal seier at dei no er i tenkjeboksen, etter at dei tapte saka mot Tomeservice, der kravet var at salet måtte gjennomførast som avtalt.

– Vi er skuffa over dommen og no vil vi brette opp ermane. Anten må vi anke, eller så må vi finne andre løysingar

– Er det aktuelt å selje til kommunen?

– Vi vil prøve å kontakte kommunen, men det har vi ikkje gjort enno, er svaret frå Osdal.

Tomteservice nøgd

Tomteservice ved Einar Holsvik seier til Møre-Nytt at dei er nøgde med dommen, der det vert stadfesta at dei hadde rett til å oppheve salsavtalen.

– Eg er veldig nøgd med utfallet. Vi har vorte trudd, og bodskapen min er at det er grenser for kva ein meklar kan skjule for ein kunde. Tenk viss ein forbrukar hadde kjøpt dette, og vorte ført bak lyset så grovt, seier Holsvik.

– Eg kan ikkje skjøne at sanitetsdamene, som ikkje er proffe, at dei i denne saka ikkje vender seg mot meklar, og held han ansvarleg for dårlege råd. Det er meklaren som skal syte for ein trygg prosess. Å halde att opplysningar slik er grovt.

Johnny Kragset i Kragset Eigedomsmekling svarer med å vise til ein kommentaren han gav til Møre.

– Vi er skuffa over at tingretten har kome til den konklusjon at kjøpar kan frifinnast på ngrunn av eit brev sendt frå Volda kommune få dagar før vising, der kommunen peikar på at dei er interessert i eigedomen, sjølv utan vedtak eller framlegg til vedtak. Det sender eit signal til alle grunneigarar i Volda kommune om at ein ikkje lenger har råderett over eigen eigedom, sjølv når konkrete planar ligg føre. Vi vil også understreke at vi står ved vårt vitnesbyrd om at kjøpar vart munnleg informert om innhaldet i brevet, noko seljar har stadfesta gjennom heile tvisteperioden, seier Kragset.

Han ønskjer at det no vert oppretta dialog mellom kommunen og sanitetslaget om ei minneleg ordning.

Ordførar Jørgen Amdam avviser ikkje at det kan kome på tale med eit tilbod frå kommunen.

– Vi skal ha samtalar med sanitetslaget. Meir er ikkje avklara, seier Amdam.