– Turen i dag har vore heilt fantastisk. Det er natur på stereoidar! Det seier dagleg leiar i The Fjords, Rolf Andre Sandvik, som var med på visningsturen torsdag denne veka.
Det er selskapet The Fjords, eigd av Flåm AS og Fjord1 AS, som står bak hurtigbåtruta. Med båten M/S Fjord Molde skal ruta ha tre daglege avgangar mellom Ålesund og Øye i sommarmånadane juni, juli og august. Rutene går for fullt frå og med fredag 1. juni til 31. august. Hovudruta vil gå mellom hurtigbåtkaia i Ålesund og kaia på Øye, men dersom passasjerane ynskjer det vil båten stoppe på Trandal og på Urke.
I samarbeid med Fram vil båten korrespondere med busstilbod frå Øye til Hellesylt, og vidare med ferjesambandet til Geiranger.
Storslått visningstur
Torsdag ettermiddag var båten på visningstur, og 34 passasjerar fekk vere med på hurtigbåten si første ferd inn den majestetiske Hjørundfjorden i strålande sol. To av passasjerane var Grethe Loe, frå destinasjon Ålesund og Sunnmøre, og Sidsel Waage Aurdal som var Guide på turen.
– Dette er jo Noregs mest spektakulære fjord, utan tvil. Det var berre ein draum å kome innover fjorden i dag, så her må folk berre strøyme til, oppmodar Sidsel Waage Aurdal.
– Det har vore ein fantastisk tur, og med tre avgangar per dag tenkjer eg at dette er ei god moglegheit til å oppleve både Ålesund og Hjørundfjorden. Avstanden er kort sjøvegen, legg Grethe Loe til.
Betre infrastruktur
Dagleg leiar hjå Hotel Union Øye, Mariann Øye-Mork, trur fjordcruiset gjer det lettare for folk å reise til Øye, og kan opne for fleire besøkjande på dagstur.
– Det er sjølvsagt positivt for hotellet at det vert enklare for folk å kome seg til Øye, men aller viktigast er at infrastrukturen i området vert betre denne perioden.
Avhengig av lokalbefolkninga
Fjordcruiset i Hjørundfjorden har vore forsøkt etablert tidlegare, og dagleg leiar i The Fjords, Rolf Andre Sandvik, meiner ruta er heilt avhengig av lokalbefolkninga for å lukkast.
– Vi er veldig spente på korleis dette går. Det vil forundre meg stort om folk ikkje kjem hit, her er jo så fint. Men eg trur vi er særleg avhengige av lokalbefolkninga, og eg håpar dei vil nytte seg av tilbodet.
Hjørundfjorden er ”hot”
Andreas Lindbæk, ein av eigarane av Urke Kaihus, har stor tru på satsinga.
– Dette kan bety veldig mykje for talet på besøkjande her inne. Vi har store forventningar og med godt vêr trur eg det skal gå greitt. No er Hjørundfjorden så ”hot” at eg trur dette er rett tid for eit fjordcruise.