(NPK-NTB): Til saman blir det utbetalt 31 milliardar kroner til dei som har til gode skattepengar. Rundt 550.000 personar må betale tilbake til saman ti milliardar kroner, i gjennomsnitt 19.400 kroner.
Etter endringa med den nye skatteforvaltingslova i 2017 kan ein no endre opplysningar i skattemeldinga ved å levere denne på nytt. Dette kan gjerast inntil tre år etter leveringsfristen. Tidlegare måtte ein sende ei klage på skatteoppgjeret til skatteetaten dersom oppgjeret ikkje stemte.
Dei som har pengar til gode får dei inn på konto innan tre veker frå 27. juni. Dei aller fleste får pengane utbetalte på oppgjersdatoen. Må du betale restskatt, er fristen 20. august. Er beløpet på over 1.000 kroner, blir innbetalinga delt over to terminar, og andre innbetaling er 24. september.
Om lag 800.000 skattytarar må vente til mellom 15. august og 24. oktober før dei får oppgjeret. Det gjeld blant anna personleg næringsdrivande og deira ektefellar, og lønnstakarar og pensjonistar som leverte skattemeldinga på papir.