Talet kjem på bordet i samband med at kommunen planlegg å pusse opp ungdomsskulen. Ei såkalla mogleigheitsstudie viser at det bør brukast 60–80 millionar kroner til å setje ungdomsskulen i stand, gitt at det vert like mange elevar som i dag. Det vil seie 300 elevar, pluss 65 tilsette og 12 behov for klasserom.

Men dersom det vert brukt 80–100 millionar vert skulen rusta opp og utvida slik at alle ungdomsskuleelevar i Volda kan gå her.

Administrasjonen har tidlegare peika på at ei slik sentralisering vil gi stor økonomisk vinst, men det har blitt med tanken så lenge det ikkje har vore plass nok. No opnar det seg opp ein sjanse til å få ein stor nok skule, og dermed kan oppussinga av ungdomsskulen utvikle seg til debatt om skulestruktur.

Sakspapira vart lagt fram for kommunestyret torsdag, men saka vart utsett fordi dei kom seint inn. Dermed får Volda-politikarane tid til å tenkje seg om i dette følsame spørsmålet.

I Volda er det ungdomsskular på Folkestad, Dravlaus og i Austefjorden, i tillegg til sentrum.