Volda kommune feira med kakefest då dei tysdag inviterte til markering av at arbeidet med ny turveg i Elvadalen er i gang. Turvegen er på knappe 250 meter, men vil gjere ein enorm forskjell, i følgje varaordførar Fride Sortehaug.

Ho fortel at ho som tilflyttar i Volda har vore ein aktiv brukar av Elvadalen som turområde, men at ho dei første gongane ho var der, hadde problem med å finne vegen ned til sentrum. Og det var ein enkel grunn til det. Turområdet er ikkje knytt opp mot sentrum, men endar på Presteholmen, utan vidare veg til sentrum. Turgårane må ut mot E39 for å kome seg til sentrum.

- Dette er mitt hjartebarn. Eg skal ikkje ta æra for dette arbeidet, for det er det mange andre som står bak, men som brukar av Elvadalen er eg svært glad for at vi no får orden på dette. No kan alle voldingar, og alle studentane, nytte seg av ein grøn korridor ned til sentrum. Det er unikt, etterlengta og utruleg bra!

Oversikt over området der den nye turvegen skal gå. Tre bruer skal krysse elva, og ei bru går langs husveggen frå brua over Industrigata ved Spinneriet. Foto: Volda kommune

Prosjektet er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Volda næringskontor og Volda kommune.

Prosjektleiar Torgeir Stensø hausta mange lovord for å ha drive prosjektet fram. Arkitektfirmaet Nordplan står for prosjekteringa, og det er Volda Maskin som er entreprenøren som no har starta arbeidet med å bygge turveg og fire nye bruer frå området like ved Spinneriet, opp mot Presteholmen i Elvadalen.

Volda Maskin er i gang med å legge til rette for turvegen som skal knyte Elvadalen saman med Volda sentrum. Foto: Janne-Marit Myklebust

Tiltaket har ei kostnadsramme på 7,3 millionar kroner, der kommunen skal stå for om lag halvparten. Resten får dei inn via fylkeskommunen, spelemidlar og eit givarlystent næringsliv.

15. mai skal den nye turvegen stå klar.

- Då må det bli både hornmusikk og fest, seier Stensø, og legg humoristisk inn eit forslag om å endre ruta for folketoget på nasjonaldagen.

Og arkitektfirmaet Nordplan stadfestar at brukonstruksjonen, som dei seier vil få eit urbant preg, skal tåle eit godt folketog 17. mai, fora på både pølse og is.

Tettstadskoordinator Møre og Romsdal fylkeskommune, Arne Dag Gjerde. Foto: Janne-Marit Myklebust
Dagleg leiar for Volda Maskin, Jon Grebstad. Foto: Janne-Marit Myklebust
Prosjektleiar i Volda kommune, Torgeir Stensø. Foto: Janne-Marit Myklebust