Det er ein auke på 8,3 prosent samanlikna med mars i fjor, då passasjertalet var 9.166.

Hittil i år er passasjertalet på 27.313, ein tilbakegang på 1,2 prosent samanlikna med same periode i fjor.

I heile 2016 var det totalt 101.618 passasjerar som reiste til og frå flyplassen, ein nedgang på ni prosent frå 2015. Lufthamnsjef Sverre Bae uttalte då at tilbakegangen var langt mindre enn frykta, då samferdselsdepartementet i 2015 bestemte at Oslo-ruta frå Hovden skulle kommersialierast frå 1. april i fjor. Det førte til lågare frekvens og dyrare prisar. Auken viser altså at det no er fleire passasjerar per fly som reiser til og frå Ørsta-Volda lufthamn.