Sent torsdag kveld kom Arill Riise heim til leilegheita  han disponerer i Bergen.

– Det var rundt klokka 23.40, og eg kom heim etter siste sending, fortel Riise.

Då han skulle låse opp døra oppdaga han at ho var broten opp og stod på gløtt. Inne i leiilegheita var skapa endevende og fleire ting var stole.

– iPad, datamaskin, lesebrett, pass og ein trillebag med kle var borte, fortel Riise til sin eigen TV-kanal.

Den velkjende tv-profilen kontakta politiet, som raskt sendte ein patrulje til leilegheita. Der vart det gjort tekniske undersøkingar og det vart teke fingeravtrykk.

– Så spurte den eine politimannen meg om eg hadde funksjonen «Find my iPhone», seier Riise.

Spore

Phone-funksjonen gjer det mogleg å spore og lokalisere Apple-einingar som er kopla til kvarandre. Når funksjonen vart aktivert på Riise sin mobil, fekk han og politiet sjå at iPaden var på ei adresse i Bergen sentrum.

– Lynkjapt sende politiet ein ny patrulje til adressa. Så fekk dei skrudd på ein alarm på iPaden, og gjekk etter lyden. Bak ei av dørene fann dei alt tjuvgodset, bortsett frå kleda, fortel Riise til TV2.

Like etter funnet pågreip politiet to mistenkte for innbrotet. På morgenkvisten fredag vart ein tredje person pågripen. Dei var alle kjenningar av politiet.

Den utflytte bondalingen rosar politiet opp i skyene for rask reaksjonstid.

– Så raskt hadde eg aldri sett føre meg at dette kunne løysast. Eg vil gi all ros til politiet, og er kjempeimponert over det arbeidet dei har lagt ned. Dette var ei svært effektiv og målretta etterforsking, seier han nøgd.