Speidargruppa vinn 10.000 kroner.

– Vi er ei relativt nystarta speidargruppe. Vi har halde på sidan hausten 2015 og har rundt 35 born med, frå Rovde til Steinsvika. Det er samlande for bygdene våre, og vi vekslar på kvar vi held møta våre, fortel Ole Gunnar Klingberg, som er ein av fem speidarleiarar.

– Det kjekkaste er at vi er mykje ute, og at vi lærer nye ting, som til dømes å lage ulike knutar, fortel Vendel Lande som er aktiv speidar.

Klingberg fortel at pengane kjem godt med.

– Det var artig å sjå engasjementet på Facebook. Mange engasjerte seg for at vi skulle vinne. Det er vi takksame for. Pengane går mellom anna til innkjøp av telt, fortel han.

Dalsfjord speidargruppe vann i konkurranse med fire andre. Amfi Ørsta sin «bygdekamp» handlar om at senteret ønskjer å gi noko tilbake til lokalsamfunnet, og dei held difor konkurransar på Facebook der ulike lag og organisasjonar skal prøve å få mest mogleg blest rundt seg sjølve. Dei som får mest merksemd stikk av med sigeren. Sist var det Saksa Turstiforeining som vann. Amfi har delt Ørsta og Volda inn i ulike soner, og vekslar på kva område som kan melde inn lag og organisasjonar til konkurransen. Neste ut er Vartdalsstranda.