For det var ikkje noko graverande å setje fingeren på, berre litt småting her og der, då syklane til elevane i dei to fjerdeklassene vart kontrollerte av politistudentane Henrik Liland og Eivind Frafjord.

På Vikemarka tek dei trafikktrygging på alvor. Skulen har lenge hatt utfordringar med mykje foreldretrafikk på skulevegen og nær skulen om morgonane. Fartshumpar og ny skilting er tiltak som ein vonar skal betre situasjonen. Og så får dei unge syklande elevane opplæring med både teoretisk og praktisk sykkelprøve fram til eit sykkelsertifikat, slik at dei skal vere best mogleg rusta til å ferdast på to hjul.

Nye reglar gjer at foreldra fullt og heilt bestemmer om borna deira skal få sykle til skulen eller ikkje. Ja, til og med ein førsteklassing kan sykle til skulen dersom foreldra ønskjer det.

Førebyggjande

– Det kan vere viktig på eit tidleg stadium å fortelje elevane at syklane må vere i skikkeleg stand. Og det er nok førebyggjande at politiet viser seg fram for unge elevar på skulane, seier politistudentane Liland og Frafjord.

Dei starta onsdagen med å fortelje elevane om det viktige med å ha orden på m.a. bremser, bjøller og refleks, og at ein alltid må bruke sykkelhjelm. Fjerdeklassingane viste engasjement, og svarte velvillig på politiet sine spørsmål.

Deretter gjekk turen ut for ein sjekk av syklane. Elevane stilte seg i kø medan dei to frå politiet kontrollerte syklane. Elevane fekk også eit sykkelkort der tilstanden til syklane var kryssa av.

– Det er heilt topp at politiet kjem til skulen for å fortelje om sykling og trafikksikring. Dette er motiverande for elevane, og det er haldningsskapande. Det vert litt meir alvor for elevane, og som ein prikk over i-en, når politiet kjem til skulen, meiner Linda Tvergrov. Ho er ein av to klassekontaktar for 4B på Vikemarka.

Då politiet stod framføre elevane, fekk dei ikkje berre spørsmål om syklar.

– Kor mange skurkar har de arrestert, var det ein som lurte på.