Stikk i strid med sommarstemninga før påske, vart det både pudderføre og finevêr på Bondalseidet i ferieveka.
Onsdag var det mange som hadde nytta høvet til å få prøve seg i løypene ved Ørsta skisenter.
Bildeserie: Trykk her for å få ein bit av påskefjellet
Uventa
Nokon som for alvor hadde rigga seg til på ein benk i botnen av hovudtraseen, var familien Øvrebø frå Ulsteinvik.
– Ja, no har vi fri heile gjengen, så her er det familiekos og skitur som gjeld, seier Lena.
Korkje ho eller dei næraste hadde trudd at påskeføret og vêret skulle verte såpass bra.
– Nei, vi hadde eigentleg byrja å pakke vekk vinterkleda og leite fram golfutstyret, men no ser det ut til at vi ventar litt til med det, seier ho, med eit smil om munnen.
– Skummelt og gøy
Oppe i kafeen på Eitrefjell sit ein anna familie og nyt utsikta mot Sunnmørsalpane.
– Deilig at det er såpass fint her når vi for ein gang skyld er heime i påska, seier Anskar Sundtgodt Aarland, med døtrene sine og ei av deira venninner rundt bordet.
Vesle Jonetta har til og med teke stolheisa for fyrste gang, og fortel stolt om bragda.
– Det var både gøy og skummelt på same tid, men eg er glad eg gjorde det, seier ho.
– Kva er ei perfekt påske for denne familien då?
– Det er når vi har fri, og kan stå mykje på slalom og langrenn, seier Andrea, og legg til at Kvikk lunsj og grilling også høyrer med.
Alfa og omega
Nede ved varmestova kjem driftsleiar Rune Moltudal rennande ned frå nakkeløypa.
Han kan melde om ei skadefri og lovande påske, som overstig forventningane.
– Eg vil nesten påstå at det aldri har vore betre føre hittil i vinter, seier han.
– Kor verdifullt er det for verksemda her at ein får god omsetning i påska?
– Dette er ei veke der det kjem mykje folk viss vêret og føret er bra, og det er rett og slett alfa og omega med tanke på omsetninga. Denne ferien er berga for skisenteret sin del, seier han.