Roth går over til kraftbransjen og vert  toppsjef i Hålogaland Kraft i Harstad.

– Årsaka til at eg skal slutte er eit verdival ut i frå familieomsyn. Valet om å forlate Vik Ørsta har vore svært vanskeleg, fortel Rolf Inge Roth (46) til Møre-Nytt.

Før påske sende han ut ei melding til dei tilsette i Vik Ørsta om at han har sagt opp stillinga som toppsjef i SafeRoad-konsernet si største bedrift, Vik Ørsta, med avdelingar i Hovdebygda og ved Skorgeura, i tillegg til eigen fabrikk i Vik i Sogn. Arbeidet med å finne Roth sin erstattar er alt i gang.

Rolf  Inge Roth har vore toppsjef i Vik Ørsta i kring to år. Han kom til Vik Ørsta frå Ulstein-gruppen.

Ikkje andre årsaker

Roth understrekar at det ikkje er andre enn familiære årsaker som gjer at han sluttar som toppsjef i Vik Ørsta. Og at dette på ingen måte har noko med intern uro å gjere.

– Nei, Eg har vore godt motteken i Vik Ørsta og eg føler meg godt heime i bedrifta.

Nyleg gjekk tillitsvalde ut og fortalde om frykt for  nedbemanning og utflagging av enkelte produkt.

Roth Inge Roth synest det er positivt at tilsette bryr seg om arbeidsplassen og viser engasjement.

Forstår frykt

– Eg forstår tilsette si frykt og behovet for føreseielegheit.  Men det er ein styrke å kunne produsere der vi kan klare det med konkurransedyktige prisar.  Og vi er nøydde å ta konsekvensen av det når det kjem tilfelle der kostnader må kuttast, forklarar Roth.

– Slikt er vanskeleg, men vi har stor evne til omstilling i bedrifta, legg Roth til.

Offensiven

Toppsjefen forlet ein arbeidsplass som i følgje han sjølv er på offensiven.

– Ja, og eg ser konturane av ei positiv utvikling. Vi har hatt tunge endringar siste åra. No er vi ein organisasjon med gode ressursar.

Rolf Inge Roth har seks månaders oppseiingstid, og i oktober, eller kanskje før,  er ørstingen på plass i ny jobb som toppsjef i Hålogaland Kraft.

– Det vert ei ny utfordring i ein spennande bransje, kommenterer han.

Svært nøgd

I følgje ei pressemelding frå Hålogaland Kraft i Harstad er styret svært nøgd med tilsettinga av Roth. Det vert peika på at han har solid utdanning og lang erfaring frå leiarstillingar, både i forsvaret og i det private næringslivet.

Roth har også god kjennskap til Harstad-regionen og kraftselskapet sine eigarkommunar, då han har vore tilsett som sjef for Marinejegerkommandoen, og budde på Ramsund i fleire år.