Næringssjefen i Ørsta, Martin Foldal (48), har sagt opp stillinga si.

I følgje opplysningar Møre-Nytt har fått frå Ørsta kommune, skal Foldal frå nyttår starte i ei nyoppretta stilling som leiar for Sunnmøre Kulturnæringshage med kontorstad i Volda.

Martin Foldal har vore næringssjef i Ørsta i fem år. Han vert sett på som ein dyktig og engasjert næringsjef for kommunen. Snart tek han altså til i den nyoppretta stillinga i Sunnmøre Kulturnæringshage som er med i det nye næringshageprogrammet til den statlege organisasjonen SIVA. Dei har som hovudoppgåve å bidra til vekst og utvikling av næringslivet i distrikta.

Storsatsing

Sunnmøre Kulturnæringshage er ei storsatsing på næringsutvikling på Søre Sunnmøre. Næringshagen er eigd og drifta av SIVA, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Volda kommune og regionalt privat næringsliv.

Store regionale aktørar som Sparebank1 Søre Sunmmøre, Tussa og Ulsteingruppa er med på satsinga. Næringshagen er såleis eit spleiselag mellom det offentlege og private næringsaktørar som ynskjer å bidra til å gjere regionen endå meir attraktiv for næringsetablering.