Det var i år første gongen Ørsta IL fotball og Volda TI fotball samarbeidde om ein slik cup.

Med kvar sine to fotballbaner, greidde dei to klubbane å effektivt halde kampane i gang på løpande band både laurdag og søndag.

Vil satse større neste år

Til saman 142 lag var påmelde, noko som stilte store krav til organisering og logistikk. Turneringsleiar Arne Johan Rebbestad fortel at alt dette fungerte som det skulle, og at cupen gjekk som smurt.

– Det er første gongen vi arrangerer saman, og det er vi godt nøgde med. Alle som skulle møte opp, gjorde det. Dømminga, kiosken, sekretariatet, alt har fungert. Eg ser det er potensial for å ha ein slik cup også i framtida, seier han.

Dagleg leiar Arnstein Sandvik i Ørsta IL fotball håper å kunne satse enno større neste år.

– Vi har ei klar målsetjing om å utvide, så dette vert ein stor cup. Neste år vil vi i tillegg ha ei eliteturnering for 13-14-åringar. Då inviterer vi lag til å delta. I dag er det slik at dei beste laga reiser til Gudbrandsdalen på turnering, for det er ikkje noko tilbod på Sunnmøre.

Moro på og utanfor bana

På Kiwi-cupen vart det spelt på 5-arbaner og på 7-arbaner både i Ørsta og Volda. Turneringa hadde både gutelag og jentelag frå 7 til 16 år.

I tillegg til det sportslege, vart det i år arrangert laurdagsdisko for dei eldste spelarane på Bratteberg skule, der det også var høve for langvegsreisande å overnatte.