– Vi tek til vitande at klagen ikkje har vorte teken til følgje. Men vi byggjer ut Draura kraftverk i samsvar med den opphavlege konsesjonen, seier konsernsjef Elling Dybdal i Tussa.

Olje- og energidepartementet held fast på NVE sine vilkår for slepp av minstevassføring og utelatinga av overføringa av Tverrelva Sør i konsesjonen til Draura kraftverk.

Departementet gjorde torsdag vedtak i seks klagesaker om småkraftutbygging, mellom dei Draura kraftverk på Viddal i Ørsta.

OED meiner at ei utbygging av Draura kraftverk i tråd med NVE sine vedtak vil vere ei god ressursutnytting av vassdraget, samstundes som det vert teke tilstrekkelege omsyn til landskap, friluftsliv, biologisk mangfald og andre interesser. Kraftverket vil bidra med ein årleg produksjon på 6 GWh.

Sterk interesse

Dei andre klagene som vart handsama torsdag var Valåi kraftverk i Lesja kommune, Ryddøla kraftverk i Dovre kommune, Strupen kraftverk i Gloppen kommune, Kvennfossen kraftverk i Sør-Aurdal kommune og Gullbergelva kraftverk i Åfjord kommune.

– Interessa for å bygge ut småkraft er sterk. Utbyggingane som det no vert lagt til rette for gjennom behandlinga av desse klagesakene vil kunne produsere 32,5 GWh straum. Dette svarar til årsforbruket til meir enn 1.600 husstandar. Noreg skal byggje ut mykje fornybar energi i åra framover, og småkraft vil ha ei viktig rolle her. Departementet har difor stor merksemd retta mot å få avgjort klagesaker på småkraft, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe.

Sakene er vurdert innanfor ramma av retningslinjer for småkraftverk som Olje- og energidepartementet i samråd med Miljøverndepartementet gav ut i 2007. Departementet har stadfesta NVE sine vedtak i alle sakene. Det inneber at Valåi kraftverk, Ryddøla kraftverk og Gullbergelva kraftverk har fått endeleg konsesjon. For Draura kraftverk og Strupen kraftverk har departementet halde oppe føresetnadene i NVE sine gitte konsesjonar. Kvennfossen kraftverk har fått endeleg avslag.

Dybdal understrekar at det er økonomi prosjektet likevel, men vedgår at han hadde håpa at departementet tok omsyn til Tussa sine moment i klagen.

Draura kraftverk er ein del av utbygginga på Viddal. Det nedste kraftverket, Viddal kraftverk, har alt kome i drift. Draura kraftverk vert truleg ferdig til våren 2012, og kopla på då.

Tussa-sjef Elling Dybdal poengterer at Draura kraftverk vert bygt ut, sjølv om Tussa ikkje nådde fram med anken sin.