Ei kvinne i trettiåra vart natt til laurdag teken med til legevakt etter husbråk.

Det var i Volda det vart vel mykje bråk, og politiet vart varsla. Då politiet kom til staden var der ei kvinne i trettiåra som var skadd, og som måtte takast med til legevakt.

Sunnmøre politidistrikt opplyser at kvinna hadde vore opptrekt, og slått etter andre gjester. Andre gjester hadde også slått kvinna. Politiet vil opprette sak mot dei involverte partane.