Det opplyser avdelingsingeniør i Statenes vegvesen, Torbjørn Gjendem.

408.070 køyretøy køyrde gjennom sambandet i 2013. I gjennomsnitt vert dette 1.118 bilar per dag.

Venta

– Tala er som venta. Når heile Kvivsvegen-strekninga vert ferdig, vil trafikken auke ytterlegare, spår Torbjørn Gjendem.

Etter at Kviven opna i september 2012, køyrde i gjennomsnitt 913 bilar gjennom sambandet kvar dag fram til nyttår. Og totalt 111.000 bilar passerte sambandet. Mykje av trafikken kom frå folk som ville utforske det nye vegsambandet mellom to fylke.

Trafikken var i fjor størst i feriemånadene juni, juli og august, og då køyrde 1.481 bilar dagleg gjennom sambandet i gjennomsnitt, opplyser Gjendem til Møre-Nytt.

Det er i Kvivstunnelen teljinga går føre seg. Der er det sett opp eit registreringspunkt der ein tel alle passerande køyretøy.

Analyse

I ein trafikkanalyse som vart brukt som grunnlag for Kvivsvegen i 2005, vart det rekna med ein årsdøgntrafikk på 1.200 bilar.

Årsdøgntrafikk er gjennomsnittet av trafikkmengda per døgn utrekna for eit heilt år.