Styret for Helse Midt-Norge RHF har vedteke å endre AMK-strukturen slik at det skal vere en AMK-sentral i kvart helseføretak. Det vil seie at det vert AMK-funksjon i Ålesund, Trondheim og Namsos. AMK i Molde vert fasa ut når nytt naudnett vert etablert i Møre og Romsdal.

Naudnettet

– Vi har hatt ein grundig diskusjon i regionstyret før vedtaket vart fatta. Det har vore en grundig prosess i forkant, og alle synspunkt har kome fram. Difor meiner eg vi nå har fått eit godt grunnlag for å sikre befolkninga ei trygg og effektiv AMK-teneste. Utbygginga av det nye nasjonale naudnettet vert eit viktig bidrag i dette, og kjem først på plass i Møre og Romsdal, seier fung. styreleiar Kaare Gjønnes i Helse Midt-Norge RHF.