Dagleg leiar for frivilligsentralen Rebecca Bjerknes og kirkens nødhjelpskontakt Eli Birkeland stod tysdag på stand på Amfi i høve Tv-aksjonen.

- Vi ville gje Ørstingane ei siste påminning om aksjonen på søndag. Det er viktig at dei hugsar å ta ut pengar, smiler Birkeland.

Og om noko vil vere bøsseberar er dei sjølvsagt velkomne til det. Tv-aksjonen, som i år har tittelen; Vann forandrer alt, har som mål å samle inn nok pengar til å skaffe reint vatn til over ein million menneske.