– Det er veldig kjekt at vi får forme dokkene heilt sjølv, og lære oss korleis vi skal gjere det. Vi har laga pappmasje, laga dokkene og det var kjekt å måle dei, seier Reidun Moltubak, Lea Lefdal og Ada Hovde som var nokre av elevane fekk prøvd seg på dokkeverkstaden.

Tysdag var Commedia dokketeater ved Hovden skule med sitt dokkeverkstad. Miniturneen til Sunnmøre var i regi av Den kulturelle skulesekken, og i tillegg til Hovden skule fekk Øyra skule i Volda besøk.

Gunnar Borgen Nygård har vore ein av drivkreftene i Commedia dokketeater sidan oppstarten i 1976.

– Første gang eg var i Volda og Ørsta var på 80-talet, og førre gang eg vitja Hovden skule var på staten av 90-talet. Det er mange som lurer på kva som skjer på ein dokketeaterverkstad, og her er det barna sin eigen fantasi som står i høgsetet. Det er ein startmotor som skal drivast vidare etter ein seanse på nitti minutt, seier Borgen Nygård.

To grupper ved Hovden skule gjekk gjennom kvar sin seanse der dei fekk lage dokker frå a til å utan at det var lagt premissar for dei.

– Etter at eg er ferdig her vert det lagt att arbeidsteiknar og stykke for dokketeater som dei kan følgje opp. Intensjonen er at barna på sikt kan framføre eit stykke med dokketeater, og kanskje ta turen i ein barnehage og underhalde. Samtidig så vert dei kjent med dokketeater som er ein sjølvstendig kunstdisiplin.

For Reidun, Lea og Ada var det første gang at dei laga eigne dokker, og lysta til å sette eit stykke med dokkene som var laga er til stades.

– Viss vi og får laga kle til dokkene har vi lyst til å sette opp eit stykke, seier dei.