Denne gladmeldinga kom Johan Bertil Vartdal, leiar i orgelkomiteen i Vartdal kyrkje, med under Syng med oss-kvelden i Vartdal kyrkje søndag.

Han stadfesta at eit nytt orgel i kyrkja på Nordre Vartdal no er fullfinansiert.

2,3 millionar

– Vi tok ein ekstra innsats før jul, og var i kontakt med fleire gode hovud på Vartdalsstranda. Då lukkast vi med å få dei siste pengane på plass, slik at vi no har 2,3 millionar kroner, og orgelet er allereie tinga, sa Vartdal.

Arbeidet med å skaffe Vartdal kyrkje eit nytt orgel tok til i 2008. Då hadde det kome så mange tilbakemeldingar på at det eksisterande orgelet i kyrkje var så dårleg at noko måtte gjerdast.

Orgelkomiteen vart sett ned, og noko av det fyrste som vart vurdert, var kva type orgel ein skulle ha.

Tre alternativ

– Vi gav oss sjølv tre alternativ. Det eine var å restaurere det noverande mekaniske orgelet. Det andre var å satse på eit elektronisk orgel. Den tredje løysinga, og den dyraste, var å satse på eit nytt mekanisk orgel, fortel Vartdal.

Konklusjonen var at den totale summen av innsamla midlar fekk avgjere, og når det no er samla inn 2,3 millionar kroner, er det klart at det vert eit nytt mekanisk orgel.

– Det er alt tinga hos orgelfabrikken Johan Dietrich i Bergen. Det vert eit orgel som vert bygt på mål, heilt tilpassa vår kyrkje, seier Vartdal.

Våren 2015

Byggjetida vert om lag eitt år, men det er ikkje fastsett noko leveringsdato enno.

– Difor seier vi at orgelet skal vere på plass i løpet av våren 2015, seier Johan Bertil Vartdal.

Han er svært takksam overfor alle som har ytt til aksjonen for eit nytt orgel.

– Det gjeld privatpersonar, lag og organisasjonar og næringsliv. Ei ekstra takk også til Asbjørn Bortnes minnefond. Det vart avslutta med å gje heile fondskapitalen til prosjektet, fortel Vartdal.

Han kan love eit nytt orgel med svært høg kvalitet.

– Dette nye orgelet vil vare i 150 år, insisterer Vartdal.