– Dei siste åra har det vorte eit eldorado for fritidsaktivitetar ved og på vatnet, skriv Hovdevatnet Vasseigarlag i ein kommentar til planane om masseutak i regi av Volda Maskin.

Det vert vist til både badeliv om sommaren, fisking og bruk av skeiseis på vinteren. Dessutan er det turvegar med stor aktivitet året rundt.

– Vi er redde for at det vert utslepp til vatnet. Og det kjem til å verte plager både med støy og støv, seier Ståle Ytrestøl.

Han sit i styret i Hovdevatnet Vasseigarlag, der 30 grunneigarar er representerte. Dessutan er han nabo til det planlagde masseuttaket som ligg langs kommunegrensa mellom Ørsta og Volda, på same sida av Hovdevatnet som vegen til Eiksundsambandet går.

Ifølge Ytrestøl vil uttaket strekkje seg 500 meter oppover åssida, og det ligg i eit LNF-område. (Regulert til landbruk- natur- friluftsliv)

«Lite konfliktfylt»

I søknaden om å få etablere masseuttaket skriv Volda Maskin sin konsulent: «Det er søkt etter eit sentralt område i Ørsta/Volda for uttak av byggeråstoff. Vi har sett i diverse innsynsløysingar og funne at området, sett i forhold til sentral plassering, er lite konfliktfylt. Det ligg i ei omsynssone for friluftsliv i kommuneplanen, men oppfattast som ein mindre viktig del av sona».

Konklusjonen til konsulenten er at tiltaket ikkje vil krevje konsekvensutgreiing.

Krav konsekvensutgreiing

Grunneigarane er usamde.

– Vi meiner at det er heilt naudsynt med ei slik undersøking, og ber Ørsta og Volda kommunar krevje dette, sjølv om EU har heva terskelen for å gjennomføre det, skriv Hovdevatnet Vasseigarlag.

Dei viser mellom anna til at Hovdevatnet er forholdsvis lite og grunt. Det er lite nedslagsfelt og lite sirkulasjon. Gyteforholda for fisk er dårlege, og det vert sett ut yngel for å få fisk i vatnet.

– Eventuelt slaminnhald i avrenninga kan skade eller øydeleggje miljø og matforhold for fisk, skriv grunneigarane.

Dei fryktar og at svevestøv spreier seg rundt heile vatnet.

– I ein så sårbar biotop vil dette saman med avrenning og slam frå bekkane kunne gjere uboteleg skade, skriv grunneigarane.

Dei viser og til at støy vil redusere verdien av området til fritidsaktivitetar.

– Og dette vil sjølvsagt også bli ei plage for oss som er naboar, seier Ståle Ytrestøl.

Fleire har engasjert seg og det er sett i gang underskriftsaksjon på faceboook.

Dagleg leiar Jon Grebstad i Volda Maskin, meiner grunneigarane overdriv miljøkonsekvensane.

– Dette blir litt skremselspropaganda. Vi har søkt, og er budde på å få og etterleve strenge krav, som hindrar forureining.

Han viser til at behovet for eit masseuttak er stort.

– Vi har leitt etter eit område som ligg midt mellom Ørsta og Volda, og som ligg nært hovudvegen. Det er stadig behov for bygningsmasse, og dersom vi må køyre lange vegar er det alt anna enn miljøvennleg.

– Er du overraska over at det vert konflikt rundt søknaden?

– Det er inga stor konflikt slik eg opplever det. Oppsitjarane gjer det dei skal, og kjem med innvendingar. Det er bra at dei engasjerer seg, og naturleg at dei reagerer, men eg håper det vert ein sakleg diskusjon, seier Jon Grebstad.