Dette er meint å vere ein uformell møteplass for leiarar og tilsette frå både privat og offentleg næringsliv der ein får servert god mat og drikke, høyre viktige ord og kjenne festspelstemninga på kroppen.

– Dette er også eit fint høve for lokale bedrifter å gi sine tilsette ein litt annleis start på arbeidsdagen, oppmodar tunvert Ingrid Opedal.

Under frukosten vil dagleg leiar Martin Foldal fortelje om tankane bak den nyopna næringshagen. Sunnmøre Kulturnæringshage er ein del av det nasjonale næringshageprogrammet, og skal leggje til rette for eit kompetansemiljø som bidreg til å styrkje allereie etablerte kulturbaserte verksemder på Sunnmøre. Hovudvekta av bedriftene som er lokalisert der er nyetablerte verksemder innan film og media.

Når fleire bedrifter innanfor same næring er samla i eitt kontorfellesskap, kan ein vere med på å løfte kvarandre fram og gjere kvarandre betre. Både gjennom samarbeid og konkurranse. Håpet er at dette igjen skal føre til meir nyskaping innan dei kulturbaserte næringane på Sunnmøre og gjere det enklare for dei å posisjonere seg for nye marknader.

– Kanskje kan kulturnæringshagen føre til at regionen blir eit kraftsenter for produksjon av film og animasjon? Undrar Opedal.