Rundt klokka ti måndag morgon vart det full utrykking då brannalarmen gjekk på Ørsta ungdomsskulen. Det var røykutvikling i heissjakta, og skulen evakuerte. Befal Guttorm Øye opplyser om at det var ein person i heisen då alarmen gjekk, men personen kom seg ut. Røykutviklinga stoppa av seg sjølv før den vart stor, og då brannvernet kom på staden kunne ein ikkje sjå røyken lenger.