Bakgrunnen for saka var at eit skriv frå eldrerådet om frykt for konkurranseutsetjing kom opp som referatsak.

I skrivet uttrykkjer eldrerådet frykt for at tenestepensjonen til dei tilsette, som no er i Kommunale Landspensjonskasse (KLP) skal verte konkurranseutsett, og at pensjonen dermed kan verte redusert.

- Heng ikkje på greip

Sørheim stussa over brevet.

– I Høgre er vi tilhengjarar av politisk debatt, og her har det kome eit skriv frå eldrerådet knytt til konkurranseutsetjing. Det eldrerådet skriv heng ikkje på greip, sa Sørheim.

Han viste til at eldrerådet omtalar problemstillingar knytt til å konkurranseutsetje pensjonsavtalane.

– Og så vert dette kytt opp mot at vi skal risikere å redusere hjelpa til pleietrengande i Ørsta. Dette heng ikkje saman. Eldrerådet må ikkje gjere seg til eit talerør for Fagforbundet, åtvara Sørheim.

Varsam

Ola Perry Saure (Sp) reagerte på noko av det Sørheim sa.

– Vi skal vere varsam med å harselere over eldrerådet. Eldrerådet har kome med ei åtvaring mot konkurranseutsetjing av pensjonsordninga. Det må det faktisk vere lov til å kome med, sa Saure.