– Ein prestisjekunde for oss, seier salssjef for Tussafiber Steinar Hauge, som synest det er bra at Tussa som lokal leverandør kan levere til ein av dei største arbeidsplassane i området.
I juli vart Volda Sjukehus tilkopla Tussafiber sin analoge TV-pakke som tilbyr 21 TV-kanalar inkludert radiotilbod. Kontrakten omfattar alle TV-punkta på sjukehuset som i dag er på om lag 60 punkt.
Sjukehuset har gjort ei rekke utbetringar med utstyr, og ved å kople seg opp mot Tussa sin analogpakke har det betra TV- og radiotilbodet monaleg.
– Før kunne sjukehuset berre tilby tre TV- kanalar, mot 21 som vi har i dag. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå tilsette og pasientar som set pris på det nye tilbodet, fortel teknisk sjef ved Volda Sjukehus, Magnulf Gjersdal.
I tillegg til 21 TV-kanalar er også seks radiokanalar ein del av tilbodet.
– Gjennom Tussa sin analogpakke kan vi kople oss opp imot eit punkt, noko som gjer at vi ikkje treng å eige så mykje utstyr sjølve. Dette gjer driftinga meir saumlaust, fortel Jonny Garen, driftsteknikar ved Volda Sjukehus.