Det seier varaordførar Eivind Nævdal-Bostad (H) i Volda.
Han var til stades då Vegdirektoratet tysdag presenterte si tilråding til framtidig E39-satsing på Vestlandet, og han merka seg dei sterke signala som er frå vegvesenet om at Voldatunnelen og Ørstafjord-kryssinga no må sjåast på som eitt prosjekt.
Det same seier Ørsta-ordførar Rune Hovde, og i formannskapet i Ørsta tysdag var det semje om at ein no må invitere Volda til ein felles prosess om saka.
Dette ser varaordføraren i Volda positivt på.
– Vi må sjølvsagt ta den same diskusjonen i vårt formannskap slik som Ørsta gjorde rett etter presentasjonen tysdag. Sjølv er eg berre positiv. Vi har jo sagt at vi må få til meir samarbeid med Ørsta, og dette er absolutt eit område vi kan samarbeide om. No må det vere naturleg å setje seg ned saman, og sjå korleis vi snarleg kan få realisert prosjekta, seier Nævdal-Bolstad.
Ørsta-ordførar Rune Hovde vedgjekk i formannskapet at det til no har vore vanskeleg for Ørsta å seie noko om bompengeproblematikken så lenge det berre har vore snakk om Voldatunnelen, men at det no er skapt ein ny situasjon i og med at Ørstafjord-kryssinga er kopla til Voldatunnelen. Nævdal-Bolstad ser dette, og er for sin del og Volda Høgre sin del ikkje i tvil.
– Vi er realistar. Både i valkampen og i ettertid har vi vore klare på at eit bompengegrunnlag må til for å få realisert Voldatunnelen. Eg vil bruke min posisjon til å få fram eit forslag til prinsippvedtak for bompengar før jul. Folk har etterlyst handling i denne saka i fleire år. Det nye politiske fleirtalet i Volda ynskjer å handle, seier Nævdal-Bolstad. Han er klar på at Volda kommune må ha sagt noko om bompengar i alle fall før høyringsfristen for KVU er ute den 1. februar.
– Det er også slik at Ørsta og Volda i fellesskap har invitert Statens vegvesen til eit møte om dei framtidige trafikkutfordringane i Volda sentrum og Ørsta sentrum. Då er de sjølvsagt heilt naturleg at vi følgjer opp det som vart sagt om vegføringane forbi Volda og Ørsta i KVU-tilrådinga, seier Nævdal-Bolstad.
Volda kommune må i høyringsfråsegna også ta stilling til det KVU-rapporten seier om traseval for E39 frå Nordfjord til Volda. Der er tilrådinga Kvivsvegen, medan Volda kommunestyre i tidlegare høyringar har halde ope både Kvivsvegen og Stigedalen som alternativ.
– Det vil nok verte ein del av diskusjonen at vi ikkje lenger kan seie begge delar, og vi må ha ein skikkeleg prosess på dette i kommunen innan høyringsfristen går ut, seier Nævdal-Bolstad.