Både gutar og jenter i alderen sju til fjorten år skal i aksjon under Kiwi-cup. Til saman er det rundt 1.400 spelarar som skal i aksjon, og det skal spelast godt over 500 kampar før cupen er over. Tidlegare har Ørsta arrangert Kiwi-cup og Volda Rema 1000-cup kvar for seg. I vinter vart det bestemt at klubbane skulle samarbeide om ein større fotballcup, og resultatet vart ein mykje større Kiwi-cup.

– Dette er første året med fellescup, og vi tilbyr også overnatting for laga som kjem langvegs frå. Det er veldig kjekt å sjå at nordfjordlaga vil vere på denne cupen, og vi ser effekt av Kvivsvegen, seier dagleg leiar Åse Leikanger i VTI fotball.

– Ein fotballfest

For dei yngste klassene er kvart lag sikra å spele minimum tre kampar, og for dei litt eldre klassene får kvar lag spele minimum fem kampar. Både VTI og Ørsta IL håper at dei gode vêrmeldinga innfrir, og at det vert ein folkefest både på Volda stadion og Ørsta stadion. Arrangørane reknar med at det til saman vil vere mellom 6.-7.000 personar innom stadionane i løpet av helga.

– Det viktigaste er at dette er ein fotballfest. Vi oppmodar besteforeldre, søsken, slekt og vener til å ta turen for å oppleve idrettsmoro i Volda og Ørsta, seier dagleg leiar Arnstein Sandvik i Ørsta IL fotball.

På dei to stadionane vil det i tillegg til fotball vere leikar, aktivitetar og sal av mat. På kvelden laurdag vert det også arrangert cupdisko for deltakarane i to puljer. Eit for dei yngste, og eit for dei litt eldre.

– Gode på å arrangere

Med mykje aktivitet og mange tilreisande er det også mange som stiller opp på dugnad for at arrangementet skal verte vellukka.

– Vi er gode på arrangere både i Volda og Ørsta, men vi er også avhengig av den enkelte på dugnadssida. Spelarar og foreldre knytt til ulike lag i begge klubbar stiller opp, og gruppa som har jobba med å organisere cupen fortener ros. Det å organisere dugnad er eit stort arbeid, men både dei som har organisert og dei som stiller opp er glade og smiler. Ein oppdagar at det er kjekt med dugnad, og at det er ein fin måte å hjelpe til på, seier Leikanger.

Ser fram til å kome i gang

Alle lag frå Volda og Ørsta i dei aktuelle årsgruppene er med i Kiwi-cup, og med mange tilreisande lag ser klubbane no fram til å starte cupen.

– Vil håper at bygdefolket vil ta turen, og med mykje folk både i Volda og Ørsta håper vi også at handelsstanden vil merke ein effekt. Det vert spennande å sjå korleis det fungerer, og om vi har noko å byggje vidare på, seier Leikanger.

– Arbeidet mellom klubbane har fungert godt i planleggingsfasen, og no ser vi fram til å kome i gang, seier Sandvik.