Ørsta seniordans har halde til på Bakk Ola-marka kvar måndag sidan oppstarten for åtte år sidan. Dei siste åra har dei hatt det trongt og varmt, og har ikkje hatt plass til fleire, men det har dei no. I flatsalen på kulturhuset har dei både eit godt lydanlegg og mykje godt golv å danse på.

– Har du lyst, så har vi plass, seier leiar Liv Digernes Sandvik.

Kvar måndag har dei to timar med dans med instruktør, og ein halvtimes kaffipause.

Meir enn berre ein dans

Sandvik seier at dansen er viktig for fleire ting.

– Det er mykje meir enn berre dansen. Det gir utfordringar på fleire område, bidreg til fysikken og den mentale tilstanden, og framfor alt byggjer den sosiale nettverk. Betre førebyggjande helsearbeid fins ikkje, seier ho.

Det er ikkje nødvendig å ha med seg partner på dansen. Dansarane vert merka med raude og blå band.

– Du treng heller ikkje noko kunnskapar om dans før du startar. Instruktørane våre syter for lettfatteleg instruksjon, og her fins ingen prestasjonskrav. Her er trivselen og gleda langt viktigare, og smilet og latteren er aldri langt unna.

Mange aktivitetar

I seniordansen har folk mellom 55–95 år funne ein aktivitet og ei samversform som også internasjonalt har fått eit godt rykte med sitt lågterskeltilbod.

– Inaktive har kome seg opp av sofaen, og dei som slit med einsemd eller depresjon har fått eit tilbod dei heilt tydeleg set pris på.

I Møre og Romsdal har alle kommunar eit tilbod om seniordans, og somme har også fleire danseringar. Til saman er det 1.000 aktive seniordansarar i fylket. Målet til Seniordans Norge er at alle kommunar i landet skal få tilbod om seniordans innan 2014.

– Dansegrupper på Søre Sunnmøre møtast til dansefest to gongar i året. Der er vi samla opp mot 140 dansarar frå distrikta, fortel Sandvik.

Elles har Møre og Romsdal to kretssamlingar i året. I oktober var det samling i Hareidhallen, og i fjor haust i Brathallen i Kristiansund.

– No er det også 50 dansarar frå Søre som er i Spania for å nyte sol og sommar, og for å danse. Dei har med seg ein instruktør på turen, fortel Sandvik, og legg til at folk sjølve vel kor aktive dei ønskjer å vere i dansegruppa.

– Det viktigaste er at dei som har lyst tek turen på øving, seier ho.

Ho oppmodar også danseglade i Hjørundfjorden og Vartdalsstranda om å ta turen inn til sentrum for å danse.