Entreprenørfiramet KA Aurstad er dømde i Søre Sunnmøre tingrett til å betale til saman 888.597 kroner til firmaet Grunn & Fjell Entreprenøren AS i samband med konfliktar som har vore mellom selskapa.

Samstundes må Grunn & Fjell Entrerepøren AS betale K.A. Aurstad 600.000 kroner som erstatning for mangelfullt utført arbeid på Filefejellprosjektet.

Det er to konfliktar mellom selskapa som enda med at dei hamna i retten før jul. Det eine gjeld ein konflikt knytt til Austefjordprosjektet, og den andre knytt til Filefjellprosjektet.

I hovudsak handlar konfliktane om ulikt syn på kva som skal verte betalt etter sprengingsdarbeid. Grunn & Fjellentreprenøren AS har vore udnerentreprenør for K.A. Aurstad ved dei to nemnde prosjekta.

I Filefjellprosjektet var det også eit konflikttema om K.A. Aurstad hadde ei rettmessig avslutning på kontrakten etter ei dødsulyukke på anlegget.

Retten kom først med ei avgjerd før jul, men Grunn & Fjell Entreprenøren AS kom innan ankefristen sitt utløp med krav om ein tilleggsdom. Dette tok retten omsyn til. Tillegsdommen gjer at K.A. Aurstad må betale ein høgare sum enn i den opphavlege dommen.