Kvien vikarierer for Rebecca Riise Bjerknes som er ute i permisjon.

Forsikring

– Det passa meg veldig godt å gå inn i eit slikt vikariat no, seier Kvien.

Han er nemleg i gang med å etablere eit nytt firma. Kvien har lang fartstid i forsikringsbransjen, og har jobba med dette sidan 1991.

Våren 2013 inngjekk han kontrakt med Landbruksforsikring AS, og det er dette han no jobbar med å få sett skikkeleg i gong.

– Det er alltid tøft i ein startfase, og då er det godt å ha ei anna inntekt også. Eg er veldig glad i å møte folk, og det får eg verkeleg i jobben i Frivilligsentralen, seier Kvien.

Mange prosjekt

Framover har Kvien mange prosjekt han skal få i sving for sentralen. Mellom anna har han ansvaret for bøsseberarane under årets TV-aksjon for NRK. Han jobbar med å få i gang babysong og småbarnstreff, datakurs og ein ny møteplass for innflyttarar, nyetablerte og innvandrarar, kalla «Mat og prat».

– Det er veldig spennande, og det er mykje å henge fingrane i. Når vikariatet mitt går ut i april satsar eg på å jobbe fulltid innan forsikring igjen, seier han.