- Men skal vi få til dette må vi gjere det saman, for viklarer det ikkje aleine, seier styreleiaren.

Tendensen i januar

Hovudsakene i styremøtet i Helse Møre og Romsdal onsdag var statusrapporten for januar ogbudsjettsaka. Føretaket har vore gjennom eit år med raude tal i økonomien ogdirektøren var spent på kva tal som kom i januar.

-Vi har levd i spenning påkorleis det nye året vil bli, og er på mange måter nøgde med det vi ser ijanuartala, seier Astrid Eidsvik administrerande direktør i Helse Møre ogRomsdal. Ho meiner at ein noser den positive tendensen i utviklinga som dei var ute etter, både med tankepå økonomi, aktivitet og kvalitetsindikatorar.

-Vi må halde oppe trykketframover og sjå etter moglegheiter for forbetring i vår eigen kvardag, seier hovidare.

Les også: Manglar millionar

Lønnskostnadar i balanse

-Inntekterfrå planlagt aktivitet er gode, medan inntektene frå akuttaktiviteten har einnedgang samanlikna med i fjor. Årsaka er delvis grunna at influensaepidemienikkje har slått til i år, seier Eidsvik. Nedgangen i inntekter slår spesieltinn på dei indremedisinske avdelingane og dei to barneavdelingane, som alle harei hovudvekt av akuttinnleggingar. På lønnssida har føretaket klart å halde seginnanfor budsjett, med ein nedgang i overtid og innleige frå byrå. Ellers kunnestyret glede seg over eit sjukefråver på 7,6 prosent, og som framleis held seglågt.

BrukarrepresentantKarsten Aak synast det var godt å høyre at ein har like god fokus påinntektssida som kostnadssida. Han trakk fram kor nyttig det er for inntekteneat ein kursar personell som skal sette dei medisinsk kodane på kva behandlingein gir pasientane. Desse kodane må vere korrekt for at sjukehusa skal fåpengar for den pasientbehandlinga dei utfører.

Lågaste ventetid i Helse Midt-Noreg

Gjennomsnittlegventetid for behandla pasientar er på 71 dagar, noko som er betre enn snittet i2013. Det er og den lågaste ventetida i heile Helse Midt-Noreg. Tal påfristbrot har gått litt opp i januar, noko ein ofte opplev etter ein ferie-eller høgtidsperiode.

Budsjett for 2014

Helseføretaketmanglar framleis 47 millionar kroner for å kome i mål med underskotet ein drarmed seg frå 2013, men det er ikkje planlagt nye tiltak for å dekke inn dessepengane.

-Vi harikkje mange nye tiltak, men vi vil intensivere og få meir ut av dei tiltaka somer spesifisert i desembervedtaket, sa Eidsvik. Med det meiner ho mellom anna åauke inntektene og redusere lønnskostandar på overtid og innleige fråvikarbyrå. Ein følger og med på sengekapasiteten innan indremedisin. Om det erein trend at ein har færre utskrivingsklare pasientar kan det vere mogleg å taned tal på senger. Føretaket har og innført ein betinga tilsettingsstopp. Detvil seie at ein må gjere ei kost-nytte vurdering ved kvar tilsetting, også deisom allereie er utlyst.

Tilsetterepresentanti styret, Charles Austnes meinte at ein no har skrapa nesten inn til beinet, ogtil tross for det kjem det nye utfordringar i tillegg. -"Bli best"prosjektet, handlar mellom anna om å bli det mest kostnadseffektive sjukehuseti landet. Det er ikkje så lett å få til, og skjer ikkje over natta - men vi måarbeide for å klare det saman, sa Austnes, som rosa klinikkane for det arbeidetdei gjer i dag.