Tilskotet skal gå til kortfilmen The Lonely Catwalk.

Martine Grande er også utgjevar av barneboka «Kakerlakken med den stygge frakken ... og hovudet fullt av triste tankar.» Ho utdanna animatør, er opphavleg frå Lierne i Nord-Trøndelag, men er no busett i Volda.

The Lonely Catwalk er ein animert collagefilm som kommenterer og stiller spørsmål rundt store tema som femininitet, diskriminering, mytar og makt. Gjennom ein bitter og forlaten mann sin monolog til ei lita jente, får vi innblikk i kvinnerolla sin plass i historia. Martine Grande har sjølv skrive manuset.

Produksjonen av filmen skal starte opp neste år, og skal etter planen vere ferdig i 2016.