Det er Statens vegvesen som har teke avgjerda om å opne Hjartåbergtunnelen for trafikk før den offisielle opninga.

- No nårtunnelen er så godt som ferdig, ville det vere synd om det skulle kome nedstein når det fer folk forbi, seier prosjektleiar Oddbjørn Pladsen til Sunnmørsposten.

Tunnelen vert opna med restrikasjonar. Fartsgrensa vert sett ned, samstundes som ein leiebil vil køyre skytteltrafikk medan det vert gjort arbeid i tunnelen.