Ørsta kommune, som eigar og driftar av offentleg leikeplassar, engasjerte tidlegare i år ein uavhengig leikeplasskontrollør som har sett nærare på dei offentlege leikeplassane i kommunen. Dette har ført til at leikeplassar har vorte stengde, og nokre stader har leikeapparat vorte fjerna.

– Det må vere mogleg å setje ned foten viss leik utviklar seg farleg, og ein skulle tru at det var umogleg å vekse opp før i tida, seier Idar Vatne som uttaler seg som privatperson.

Reagerer på systemet

På Dalane skule har dei fleste leikeapparata vorte stengt for bruk, men der er i gang ein prosess for å setje stand enkelte leikeapparat på dugnad. I tillegg er arbeidet med ballbinge godt i gang, og han vert truleg ferdigstilt til våren neste år. Det Vatne reagerer på er systemet rundt dei offentlege leikeplassane.

– Eit reiestativ vart i vår raskt kappa ned, men det står framleis stubbar att. Desse vart det lagt bytter over, og mange av desse byttene er no vekk. Truleg er det ikkje trygt slik det står i dag, og måten dette vart gjort på er forkasteleg. Eg tykkjer at det skal vere mogleg å sjå meir på sjansane for å setje leikeapparata i stand att, og eg har vanskeleg for å forstå situasjonen no, seier Vatne.

– Lurer på kva som vert prioritert

Frå Grendalaget er det nyleg gitt ei gåve på 20.000 kroner som skal gå til nytt reiestativ.

– Denne gåva fekk grendelaget ein stor takk for frå skulen, og håpet er å få opp eit nytt reiestativ.

Vatne reagerer også på at det gått kort tid før leikeapparat vart stengde, medan andre skader tek det lenger tid med.

– På taket vart det skade for minst tre år sidan då det vart måka snø med ei lastebilkran, og denne saka er no i inne i ein plan. Når det går så kort tid før leikeapparat vert stengde, medan det tek så lang tid med ei takskade, så kan ein lure på kva som vert prioritert. Det skal seiast at det skjer mykje positivt rundt skulen. Kritikken går ikkje mot skulen, men systemet, seier Vatne.

Håper på nye leikeapparat for dei yngste

Dei eldste elevane ved Dalane skule tykkjer ikkje at det er kjekt at leikeapparata no er stengde.

– Det er dumt for dei små på skulen, for dei nyttar leikeapparata mykje, seier sjuandeklassingane.

– Håper de at det kjem på plass nye leikeapparat her?

– Ja, kjem det unisont frå ni sjuandeklassingane.