Frå onsdag morgon var Widerøes Flyveselskap streikeråka. Alle flya står på bakken.

Det er dei kabintilsette som har gått ut i streik. Kravet skal ikkje vere høgare løn, men meir innflytelse over si eiga pensjonsordning, på lik linje med pilotane i Widerøe. Det var meklingsfrist til midnatt tysdag, men meklinga heldt fram utover natt til osdag. Avstanden mellom partane var for stor, og streiken var eit faktum.

- Dei gjekk ut i streik klokka tre i natt. Då vi kom på jobb starta vi arbeidet med å varsle alle passasjerane våre, fortel Knut Inge Gulla. Han er Widerøe-tilsett ved Ørsta-Volda lufthamn, Hovden.

11.000 passasjerar

Totalt skal 11.000 passasjerar vere råka av streiken. Kor mange som er råka ved Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, veit ikkje Gulla, men han stadfestar at det ofte er fulle fly ved dei fleste avgangane.

Via SMS vart alle passasjerane varsla, før første avgang frå Hovden klokka 06.30 i dag. Dermed vart det ein stille morgon ved flyplassen..

- Men no har vi fullt opp med å booke om alle passasjerane til andre fly, fortel Gulla.

Dei hjelper passasjerar frå heile landet.

- Vi oppmodar folk som lurer på noko om å ta kontakt med oss. Då kan vi hjelpe dei med å få ombestilt billettane, eller så kan dei få refundert dei, seier han.

På Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, er alle fly innstilt.

To fly står på bakken, men desse vert truleg flytta til Oslo eller Bergen i løpet av dagen av pilotar/kapteinar som har overnatta i Ørsta.