Rundt klokka halv eitt natt til laurdag fekk politiet melding om uro rundt ein ungdomsfest i Ørsta. Festen var på eit forsamlingshus, og nokon titalls personar som ikkje var invitert hadde møtt opp. Det vart amper stemning, og tilløp til slåsting. Ei politipatrulje reiste til staden, og deira nærvær dempa gemytta. Dermed vart saka ordna opp på staden ifølgje operasjonssentralen.