I Ørsta vart Rosa sløyfe-aksjonen markert på Amfi i Ørsta laurdag. Der delte medlemmer av brystkreftforeininga ut informasjon, og selde ulike ting til inntekt for arbeidet sitt.

– Det er viktig for oss å minne om kor viktig mammografiscreeninga er. Alle mellom 50–69 år vert innkalla til screening. Nyare forsking syner at dei som møter til mammografiscreening har 43 prosent mindre sjanse for å dø av kreft enn dei som ikkje nyttar seg av tilbodet, informerer Laila Sandvik som er leiar for brystkreftforeininga på Søre-Sunnmøre.

Viktig å møte til screening

– Det som er synd er at kvar fjerde kvinne som blir innkalla, ikkje møter opp.

På landsplan er det 75 prosent oppmøte, i Møre og Romsdal 72 prosent, seier Sandvik.

– Dess tidlegare kreften vert oppdaga, dess større sjanse er det for at det går bra. Ein reknar med at mammografiprogrammet reddar 100 liv i året, understrekar leiaren som også er likemann saman med Anne Gerd Myrvåg.

Både brystkreftforeininga og kreftforeininga arbeider for at kvinner skal bli innkalla frå 45-årsalderen.

130 medlemmer

På Søre-Sunnmøre har brystkreftforeininga 130 medlemmer. Dei kjem frå Volda, Ørsta, Ulstein, Hareid, Vanylven, Sande og Herøy.

– Vi arrangerer sosiale samvær og turar. Nyleg var vi i Operaen på Nordfjordeid. Julebordet vårt er årets happening, fortel leiar Laila. Det er om lag 20 personar som møter jamt på arrangementa.

– Mottoet vårt er å ha det kjekt og gi folk livslyst, seier Laila Sandvik.

Gjennomsnittsalderen på medlemmene er over 60år, men dei har også med folk rundt 45-årsalderen.

Fakta

Det er 38.501 personar i Noreg som har hatt eller som har brystkreft.

612 menneske døydde av sjukdomen i 2011. Av desse var sju menn. Trass i at talet på personar som får kreft aukar, er dette det lågaste talet døde sidan 1980-talet.

Symptom på brystkreft er: kul eller knyte som ein kjenner i brystet. Søkk i huda på brystet. brystvorte som trekk seg innover eller går i ei anna retning enn vanleg. Vasking frå brystvorta, og særleg om denne er blanda med blod. Kul i armhola, eller på halsen, sår som ikkje gror, smerter i brystet, eksem, raud farge ved auka varme eller andre hudforandringar på bryst/brystvorte.

Gir god hjelp

Det var fleire som stoppa opp ved standen og slo av ein prat eller kjøpte ulike ting som sløyfer, isskraper og pennar for å gi ei økonomisk handsrekking til arbeidet. Ei av desse var Barbro Ose.

– Kvifor støttar du dette tiltaket?

– Det er fordi det er ei god sak. Kven som helst kan få bruk for hjelpa deira. Eg har sjølv fått god hjelp. Dagen etter at eg vart operert for brystkreft ved sjukehuset i Ålesund, fekk eg besøk frå foreininga, fortel ho.