– Sagafjord har eit stort potensial. Eg skal mellom anna vere med og vidareutvikle drifta og halde fram arbeidet med å kvalitetssikre det vi driv med, fortel 49-åringen. Han er sambuar og har to vaksne born.

Amundlien tek over som direktør etter Hege Sakariassen. Ho skal halde fram i ei anna stilling på hotellet. Sambuaren Ben Smeets held fram som før på hotellet. Det ligg ikkje noko dramatikk i byte av leiar.

Erfaring

Det er ein mann med lang erfaring som no er handplukka til leiarstillinga på Sagafjord. Hans Konrad Amundlien, opphavleg romsdaling, har 20 år i hotellbransjen, 15 av dei var som direktør.

Han synest Sagafjord er eit spennande hotell med store mulegheiter for utvikling.

– Det vert ofte sagt at lokaliseringa er første faktor for å lykkast innan hotellbransjen. I så måte kan ikkje Sagafjord sitt utgangspunkt vere betre. Det seier seg nesten sjølv at det er naturopplevingane vi må satse sterkt på i tilboda vi utviklar, seier Amundlien.

Arbeidsmiljø

Han har ein filosofi om at eit best muleg arbeidsmiljø er utgangspunktet for ei god hotelldrift.

– Skal ein få til ei best muleg drift, må alle tilsette vere samstemde og ta vare på kvarandre. For det skal vere moro å vere på jobb. Føler vi tilsette dette, vil det smitte over på gjesten på ein naturleg måte som gjer at han føler seg ekte velkomen, poengterer hotelldirektøren. Han seier det er ein fantastisk samansveisa gjeng på Sagafjord i dag.

Hans Konrad Amundlien registrerer at det har vore jobba godt på hotellet etter nyopninga. I år har det vore første vinteren med ope hotell. Det vart ein suksess, for mange turistar, ikkje minst frå utlandet, har kome til Hjørundfjorden og budd på hotellet på Sæbø. Slik er det også no om sommaren: Hotellet har godt belegg.

– Vi skal halde fram prosessen med å utvikle hotelldrifta og få endå fleire til å oppdage Hjørundfjorden og Sagafjord der vi ligg mellom Ålesund og Geiranger. Vi skal satse på vidareutvikling av pakketilbod både for gjester som vil kombinere konferansar med naturopplevingar, og for andre som kjem hit for berre å bruke naturen høgt og lågt, seier direktøren. Han vil gjerne ha fleire lokale gjester.

– Ja, det er sjølvsagt ikkje berre for folk utanfrå vi driv hotellet. Nærområdet har mange innbyggjarar som vi sjølvsagt ønskjer velkomen til Sagafjord.

Samarbeid

Amundlien er også oppteken av å halde fram, og vidareutvikle, det lokale samarbeidet.

– Samarbeid er viktig, eg har alltid ivra for det sjølv om ein kan sjå på naboen som ein konkurrent. Men det ville ha vorte frykteleg snevert viss vi ikkje skulle samarbeide. Det viktige er å få folk til regionen, og gje dei gode opplevingar. Då kjem dei tilbake og det vil vere ein vinn vinn-situasjon.

Audmjuk

Amundlien fortel at han er audmjuk overfor eigarane som har lagt ned mykje pengar i å etablere “nye” Sagafjord.

– All ære til eigarane. Dette er nok ikkje den typen hotell ein satsar på for å verte rik, vurderer den nye hotelldirektøren.