Tidlegare Arbeidarparti-politikar i Ørsta, Laila Bastesen, er harm over at Kaihuset skal over i dei frivillige sine hender – og at sentrale Høgre-politikarar til og med har foreslått at kommunen skal kvitte seg med kommunen sitt største ungdomstiltak grunna dårleg økonomi.

Step In

Bastesen var foreldrerepresentant i ungdomsklubben Step In i Ørsta. Klubben vart etablert hausten 1978. Bakgrunnen for oppstarten var at det mellom anna vart registrert ein merkbar auke i kriminalitet og rusmisbruk blant unge i bygda. Året etter hadde klubben seks løna klubbarbeidarar på deltid og klubbleiar i halv stilling. Finansieringa i starten vart gjort gjennom to års prøvedrift med statstilskot i tillegg til kommunale midlar.

Klubben vart fort populær, og medlemstalet var lenge over 300 unge i alderen fjorten til atten år.

Så kom tida då kommunen ikkje var så villige lenger til å bruke pengar på klubben. Politikarane meinte at det var foreldra sitt ansvar å drive Step In. Klubbleiar Turid Hoggen Karlsbakk skreiv i eit innlegg i Møre-Nytt at løna arbeidskraft er med på å gje stabilitet i leiarstaben på Step In, noko som er heilt naudsynt for at klubbarbeidet skal lukkast. Det vart knytt meir og meir uvisse til den framtidige drifta. Dette skreiv klubbleiaren i eit innlegg:

“På grunn av motarbeiding frå ymse hald har Step In siste tida vore råka av uvisse, og det har utan tvil prega klubben. Ein har ikkje hatt økonomi til å drive skikkeleg, og fornying av klubben har falle bort”.

Avvikla

Til slutt vart klubben avvikla fordi kommunen ikkje gjekk inn med nok midlar og fordi foreldre nærast vart tvungne til å drive klubben.

No fryktar Laila Bastesen at det same kan kome til å skje med Kaihuset.

Andre gong

– For andre gong ser det ut til at dei folkevalde vil leggje ned ein ungdomsklubb i Ørsta. Og politikarane legg no sterke føringar for at det frivillige skal ta over. I praksis vil ikkje ein slik modell fungere for eit tiltak som Kaihuset. Vert det no ikkje gjort grep, kjem Kaihuset til å verte avvikla sakte men sikkert. Ein konsekvens av eit svært stramt budsjett er i dag svært reduserte opningstider. Det i seg sjølv er heilt bort i natta, meiner Bastesen.

Ho meiner det vil vere sjølvslutta dersom tanken er at det er foreldre gjennom frivillige lag- og organisasjonar som skal drive Kaihuset.

– Dei unge må ha leiarar som forstår dei, folk som har kompetanse på ungdomsarbeid og som tek dei unge på alvor. Eg seier ikkje at foreldre er totalt uskikka, men det vert på ingen måte det same å ha foreldre til å drive ein ungdomsklubb. Ein får då langt ifrå same oppslutnad.

Førebilete

Laila Bastesen seier ho aldri hadde trudd at det som har vore eit førebilete for ungdomsklubbar i fylket no er i ferd med å rakne, slik ungdomsleiaren i kommunen, som har sagt opp stillinga, hevdar.

– Konsekvensane av å gje Kaihuset så dårlege rammevilkår som klubben no har er ei skam, same kor mykje kommunen er i Robek. Skjerp dykk politikarar! Er det på gata ungdommen skal samlast i tida framover?