Nærast kvar onsdag i sommar har ein kunne sjå båtar med kvite segl pryde Ørstafjorden, både i frisk bris og i blikstille. Onsdagsregattaen har vore eit fast innslag i ei årrekkje, med stor oppslutnad blant medlemmene i foreininga.

Ein av dei mest ivrige deltakarane er Bent Jan Nilsen. Også i år drog han og mannskapet av med den samla sigeren, etter sju førsteplassar og ein andreplass av åtte teljande regattaer.

Mannskap

Nilsen gir mykje av æra for sigerrekkja til sitt trufaste mannskap.

– Eg har eit fast mannskap beståande av Stig Århus og kona mi Anne-Lise. Det er eit lite, men velfungerande lag med høg grad av konsentrasjon og lite utanomsnakk under regattaen, seier Nilsen, som har fått finpussa teknikk og taktikk opp gjennom åra.

Båten, ein Bianca 107 på 35 fot, har også vist seg å fungere godt på regattabana.

– Ein kan seie det er ein veldig god allroundbåt. Båten tåler mykje vind, og har også eit stort seglareal i forhold til dei lette vindane i Ørstafjorden. Til å vere ein 35-fotar, er han lett å handtere før start, så ein kan tore å knive litt meir på startlinja, seier han.

Konsentrert

– Er det hard konkurranse?

– Folk har vorte meir ivrige opp gjennom åra, og er meir tent og konsentrert på startlinja enn for nokre år sidan. Dei hardaste konkurrentane tidlegare år har vore Atle Bjerkvik og Kjell Sævik, men dei har ikkje vore med så mange gongar i år, difor er det litt meir spreidd i teten.

Nilsen legg til at det er eit veldig godt miljø i seglforeininga, og at folk er flinke å stille opp kvar onsdag, uansett vêr.

Sjølv starta han å segle som mannskap allereie som 16-åring, og deltok seinare på Skaw race, Skagerrak cup og Skagen cup. Han segla også inn med første norske båt i VM i havseglas på Hankø i 1975, og fekk då handhelse på Kong Olav.