Goksøyr er dotter av Karl Einar Rørstad som bur i området, og som ikkje har nådd fram med sine krav og synspunkt overfor kommunen.

– Dette handlar om ei sak Ørsta kommune køyrde inn på eit blindspor for fleire tiår sidan. Eg har no i lang tid gjort forsøk på å få saka opp på dagsorden i Ørsta kommune, slik at ei løysing kan arbeidast fram. Etter over to års påtrykk har eg berre fått stadfesta at kommunen ikkje har til hensikt å finne ei løysing innan nokon kjent tidshorisont, skriv Goksøyr til kommunestyret..

Med å skrive brevet til kommunestyret ynskjer Goksøyr at dei som sit med politisk ansvar i kommunen, altså kommunestyret, er merksame på at rassikring i området Mork/Vinjevoll manglar.

Ho hevdar at kommunen har drive med ansvarsfråskriving sidan 1982, då fagfolk slo fast at Mork/Vinjevoll er skredfarleg.

Vidare meiner Goksøyr at dei som no bur i området må verte informert om at området er skredfarleg, og ho håper dessutan å få løyst ei privatrettsleg sak vedkomande far hennar og Ørsta kommune vert løyst.

– Vi har over lang tid arbeidd med å få Ørsta kommune til å svare på om dei vil gjere noko med denne saka. Vi har og prøvd å få kommunen til å løfte det fram i høve dei nye reguleringsplanane som er i arbeid. Vi har ikkje fått noko signal som tyder på at vi har lukkast med dette, seier Goksøyr.

Det einaste konkrete Goksøyr har fått stadfesta er at kommunen vil drøfte forholda på Mork/ Vinjevoll med NVE.

– Kommunen sin administrasjon opplyser og om at oppdaterte skredkart tidlegast kan ventast å ligge føre i slutten av 2014, eller eitt til to år seinare, altså 2016. Dette går for seint, Ørsta kommune, seier Goksøyr.

Ho krev kartlegging av og kunnskap om situasjonen for Mork/Vinjevoll, og at området vert prioritert for skredsikring.

Brevet frå Goksøyr vert lagt fram for kommunestyret som ei referatsak torsdag.