– Det vert både sceneshow og løp lovar Beate Langeland Mork.

Etter at Bislett Alliansen bestemte seg for å legge ned den sentrale drifta av Jentebølgen frå 1. januar i år, har alpingruppa i Ørsta teke ansvar, og 1. juni er det startskot frå Hamneparken i sentrum. Det vert den femte gongen at løpet går i Ørsta. I fjor deltok 500 spreke jenter og damer.

– Få med syklubben

– Vi har alt mange påmelde, men oppmodar enno fleire om å vere med. Anten det er syklubben, vinklubben, trillegruppa eller gode kollegaer, oppmodar Marita Borgen.

Trude Flø Johnsen frå Topp Trening lovar å syte for at alle er klare for å yte maks under løpet, og vil stå for oppvarminga.

– Vi har også eiga motivasjonskampanje på treningssenteret der Jentebølgen er det store målet, fortel ho, og rosar også alpingruppa for at dei har teke ansvaret for arrangementet.

– Det er eit så godt arrangement, at det ville vere utruleg synd om det forsvann, seier ho.

Harane er klar

Også årets harar er klare til dyst. Ingenting får opp farta som nokre kjekke mannfolk i tet.

– Men dei held vi hemmeleg litt til, seier arrangørane lurt.

Frå scena etter løpet vert det også musikalsk innslag frå lokale artistar, og premiering av deltakarar.

– Dette er eit løp der alle som vil kan vere med. Det er lov å springe, gå, trille, sykle og alt som er. Målet er å få flest muleg ut og i bevegelse, seier Borgen.

– Dette er eit lågterskeltilbod som skaper aktivitet i sentrum. Det er eit kjekt og positivt arrangement, seier Johnsen.

Som vanleg vert det delt ut premie til beste kostyme, for dei som ønskjer å kle seg ut, største gruppe, og til den eldste og den yngste deltakaren.

Arrangørane lovar fint ver til arrangementet.