Driftsleiar Rune Moltudal kunne hatt bekymringslause dagar på Bondalseidet, der han opplevde små og store gå mann av huse med skiutstyr i alle slags variantar og ryggsekker fylte med gloheit kakao og knekkebrød med brunost.

Skifolket kunne invadert skisenteret sine trasear og løyper, anten det var i Nottane, på toppen av Eitrefjell eller ein lun stad ved bratthenget. Langrennsfolket kunne gått i kø til Åmskaret i metertjukke løyper, ekte og fersk februarsnø som hadde vart nesten heilt til sommaren.

Vi snakkar om det som hadde vore normalt ein dag midt i februar.

Bekymring

I staden er det bekymringane som rår hjå driftsleiaren og fleire andre på Ørsta skisenter: Vil den kunstige snøen på Bondalseidet halde framover? Skifolket har eit stort ønske: Kjære vêrgud, gi oss kulde – gi oss snø. No!

– Vi treng ikkje så store mengder for å berge hovudtraseen, men held mildvêret fram, skal det heller ikkje så mykje til for å løyse opp alt. Og då er vi i trøbbel.

Moltudal føler avmakt, men kryssar dei smurningssvarte fingrane for at dei kalde dagane vil sprette fram frå gøymehola, slik at kanonane igjen kan dekorere naturen med kunstig underlag.

No er det så marginalt med snø i den delen av skisenteret som er open, at dei knapt torer å bruke trakkemaskin i traseen. Ja, ho vert køyrt med andakt og vel så det. Det tunge beistet kan nemleg øydeleggje heile moroa, fryktar Moltudal som denne veka ikkje torde å ha ope for kveldskøyring meir enn to kveldar.

Ein marginal snøsituasjon gir ekstraarbeid for maurane på eidet. For det må stadig lappast og preparerast der ein nesten kan sjå gjennom den om lag tretti centimeter tjukke solen. Dette i tillegg til alt anna.

Rune Moltudal registrerer at folk no kan gå rundt med påskekjensle, grillkåte og klare for båtpuss.

– Folk må for all del ikkje pakke vekk skia. Snøen kjem han. Berre vent.