Hønefoss hadde taktikken klar og la utfrimerke på toppskårar Laima Bernataviciute frå start. Volda opna med eitutgrupert forsvar, men måtte tidleg endre dette. Heimelaget hadde ein godstrekspelar som Volda fekk problem å stoppe. Måltavla viste 4-4 etter ti minuttog sunnmøringane var no i ferd med å feste eit grep på kampen. Forsvarsspeletfungerte nesten perfekt og ein fekk også sjå klar framgang i angrepsspelet dersærleg strekspelar Olivia Kiss imponerte.  Laget auka leiinga til seks mål og den sto segtil pause.

Avgjorde etter time-out.Hønefoss måtte gjere taktiske endringar for å kome inn att i kampen. Dei laut eit 3-3 forsvar som skapte store problem for angrepsrytmen til Volda.Ringerikslaget greidde å redusere leiinga kraftig og 17 minutt ut i omgnagensto det 20-21. Skulle dei greie å ta att sunnmøringane?Voldatrenar Kristinn Gudmundsson tok time-out og fekk gjort viktigejusteringar. Jentene kom på rett spor att og nok ein gong fekk vi ei sterk avslutning av Volda. Tre minutt førslutt sto det 26-22 og dei kontrollerte det heile inn til 27-24 siger.

Caroline og Olivia gode.Volda gjennomførte nok ein god kamp og er i klar framgang. Særleg er laget godei etablert forsvar. I angrep er det framleis litt ujamne prestasjonar, men deter klar framgang å spore. Caroline Ruud Helgesen leverte ein stor kamp, særlegvar 2.omgangen imponerande.  Olivia Kiss  spelte nok ein god kamp og blir betre kamp forkamp. I forsvar var Laima Bernataviciute solid.

- Meir komplett lagTrenar Gudmundsson var sjølvsagt glad over dei to første bortepoenga.

– I1.omgangen spelar vi ein kjempekamp i forsvar og slepp inn fem mål på 25minutt. Etter pause blei vi litt stressa av den offensive forsvarsformasjonendei la ut. Tempoet blei litt for høgt og vi kom oss ikkje ned att iforsvar.

Trenaren såg mange lyspunkt ikampen og at fleire og fleire spelarar melder seg på.

– Vi får mange skåringarfrå både ving-, strek- og bakspelarposisjonane noko som  gjer laget meir komplett. Søndag er det Gjøvik som er motstandar for Volda.

Kampfakta:Hønefoss – Volda HK  24 – 27 (8 – 14)Volda: Runa Vik, Astri Ingebrigtsen, Linn J.Berg 2, Kine Kvalsund, CarolineRuud Helgesen 8, Kristine Håheim Vike 2, Olivia Kiss 5, Jurate Zilinskaite 4,Rita-Krsitin Rise,  Kaisa Holsvik 2,Laima Bernataviciute 4, Aukse Anglinskiene.Best på Volda: Caroline Ruud Helgesen  ogOlivia Kiss. Toppskårar  Hønefoss: arianne Nilsen 7Utvisningar: Hønefoss 2 x 2min, Volda  4x 2minutt.Domarar: Charles Whiteley / Andreas Daviknes Borg